Hopp til innhold

Slik googlar du som legane

– Du har ikkje alltid kreft, sjølv om nettet ofte kan få deg til å tru det, seier TV-legane i «Hva feiler det deg?». Sjekk deira googletips.

"Hva feiler det deg?" 2018

Legelaget kjent frå «Hva feiler det deg?» Frå venstre Astrid Nylander Almaas, Elisabeth Holmboe Eggen og Wasim Zahid.

Foto: Ole Kaland / NRK

Googlar du etter sjukdomar? I TV-programmet Hva feiler det deg? må legane klare seg utan internett i kamp mot googlande konkurrentar. Men til dagleg er nettet eit trufast hjelpemiddel for legane.

– Alle moderne legar brukar nettet. Og legar er nok betre til å google sjukdomar enn folk flest, hevdar lege Elisabeth Holmboe Eggen.

Ho forklarar det med den bakgrunnskunnskapen dei har, og at dei dermed kan vere meir kritiske til det dei kjem over på nettet.

– Det er greitt å google for å få eit inntrykk av kva problemet ditt kan vere eller for å lære om ein diagnose du har fått. Men det bør aldri erstatte eit legebesøk. Og du bør aldri behandle deg sjølv basert på sjølvdiagnostisering, seier TV-legane.

Her er deira beste søketips.

1. Putt symptoma i søkefeltet

Googling av bilde

Om du søker på kombinasjonar av symptom, får du luka bort litt.

Foto: Arild Opheim / NRK

Dersom det svir når du trisser, og du fryktar at du kan ha fått klamydia, er det kanskje mange som skriv «klamydia» i søkefeltet. Då vil du få bekrefta at svie ved urinering kan vere eit teikn på klamydia. Men før du skuldar kjærasten for utruskap, skriv «svir når eg tissar» i søkefeltet, og du vil oppdage at ein rekke andre sjukdomar kan vere minst like sannsynlege.

– Symptom er heilt ok å google på, så må du berre hugse kor du starta før du går deg vill i diagnosejungelen, seier lege Astrid Nylander Almaas.

Dei fleste symptom kan vere teikn på ein rekke sjukdomar. Om du søker på kombinasjonar av symptom, får du luka bort litt.

2. Ver presis

Googling

Om du berre skriv «svimmel» i søkefeltet, får du mykje forskjellig. Ver presis.

Foto: Arild Opheim / NRK

Er du svimmel? Ja, vel. Det er mange måtar å vere svimmel på.

– Så prøv å skildre svimmel-opplevinga så presist du kan, er eit av tipsa frå tredjemann på legelaget, Wasim Zahid.

Føler du deg litt ustø, eller er det slik at heile rommet går rundt? Jo meir presist du skildrar det du opplever, dess meir treffsikkert blir søket.

– Og har du vondt i nedre, høgre del av magen, så skriv det. Om du berre skriv «vondt i magen» i søkefeltet, får du mykje forskjellig, seier Zahid.

Ver også forsiktig med ord som kan vere tvitydige eller tolkast forskjellig. Ein pasient kan oppleve det som «plutseleg», når ein ny og skummel smerte dukkar opp i løpet av ein dag. Men på legespråket betyr «plutseleg» noko som skjer i løpet av få sekund.

3. Ikkje la frykt trumfe fornuft

På nett

Mange har ein tendens til å la seg bli styrt av frykt.

Foto: Anders Leines / NRK

Du har ikkje alltid kreft, sjølv om nettet ofte kan få deg til å tru det.

– Det vanlegaste er det vanlegaste, er ein tommelfingerregel for oss legar, forklarer Zahid.

Men det er ikkje alltid at nettet speglar av kva som faktisk er mest vanleg. Mange har ein tendens til å la seg bli styrt av frykt.

– Då overser ein gjerne setninga «blod i avføringa skuldast som regel hemoroidar eller rifter i endetarmsopninga», og henger seg meir fast i at «det kan vere eit teikn på kreft i tarmen».

4. Finn sider du stoler på

– På nettet finst det veldig mykje informasjon. Men det er ikkje alt kan du stole på, understrekar Zahid.

TV-legane rår deg til å unngå opplevingar frå enkeltpersonar delt på private bloggar eller forum.

"Hva feiler det deg?" 2017

Wasim Zahid er spesialist i indremedisin og kardiologi, og til dagleg overlege ved medisinsk avdeling på Drammen sjukehus.

Foto: Ole Kaland / NRK

– Det aller viktigaste er og blir kjeldekritikk, påpeikar Nylander Almaas.

Ho brukar store offentlege sider, som Legevaktshåndboken og Folkehelseinstituttet. Elles er Lommelegen.no, Norsk Helseinformatikk og Store medisinske leksikon pålitelege kjelder, i tillegg til Helsedirektoratet.no og Helsenorge.no.

5. Ikkje gå i «bekreftelsesfella»

Det kan vere lurt å først skaffe seg eit lite utval av potensielle diagnosar, før du eliminerer bort dei som ikkje passar.

– Om du berre kastar deg over den første diagnosen som poppar opp, eller startar med å søke på ein diagnose du i utgangspunktet trur det er, er det lett for å gå i «bekreftelsesfella», seier Nylander Almaas.

"Hva feiler det deg?" 2017

Astrid Nylander Almaas er spesialist i barnesjukdomar, og til dagleg overlege ved barneavdelinga på Ahus.

Foto: Ole Kaland / NRK

Det er eit uttrykk trufaste sjåarar av Hva feiler det deg? har høyrt fleire gangar. Fella, som TV-legane er tilsynelatande livredde for å gå i når dei jaktar på riktige diagnosar. Med «bekreftelsesfella» meiner ein at vi menneske har ein tendens til å legge merke til og leite etter opplysningar som støttar våre teoriar. Og motsett; tendensen til å oversjå dei bitane som ikkje passar i puslespelet.

6. Akutt sjuk? Ring 113

Til slutt – ved enkelte symptom skal du ikkje søke råd på nettet, men straks ringe 113.

– Det gjeld for eksempel ved nedsett bevisstheit, talevanskar, brystsmerter, om det er tungt å puste eller om delar av kroppen blir lam, avsluttar Zahid.

Les meir frå «Hva feiler det deg?»

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)