Hopp til innhold

Kan du stole på salsprisen?

Denne gullringen skal vere selt for 7.500 kroner. NRK fekk taksert den til rundt 4.000 kroner.

Diamantring

NRK Forbrukerinspektørene har sjekka prisen på gull og diamantar.

Foto: Anette Torjusen / NRK

Gullsmedbutikkane lokkar med kupp og sal, men gjer du eigentleg ein god deal?

NRK Forbrukerinspektørene har sett nærare på før- og etterprisar hos norske gullsmedar.

I oktober hadde Bjørklund jubileumssal, kor dei selde ein diamantring til 3.998 kroner. Førprisen var 7.498 kroner.

NRK Forbrukerinspektørene kjøpte ringen, og bad tre ulike taksørar kome med ein uavhengig forsikringstakst.

Forsikringstakst er det du kan forvente å måtte betale for ein tilsvarande ring om den blir tapt.

Prisane i butikk kan derimot variere fordi dei blir påverka av fleire forhold, mellom anna fortenesta og utgifter butikken har.

Taksørane, som er registrerte hjå Norsk Gullsmedforbund, konkluderte med at ringen hadde ein forsikringstakst på 4.350 kroner, 4.000 kroner og 3.900 kroner.

Terje Gaupseth

Terje Gaupseth meiner ringen ikkje er verd ein pris på nesten 7500 kroner.

Foto: Frode Søreide / NRK

– Om nokon har betalt nesten 7.500 kroner for denne ringen, så vil eg sei at det er den ikkje verd ut ifrå den kvaliteten ringen har, seier taksør Terje Gaupseth i Tesori.

Det same er konklusjonen til dei to andre taksørane, Remy Bugge og Camilla Adeleide Holtan-Haga.

Forsvarar prisen

Bjørklund på si side forsvarar prisen og kvaliteten. Dei stiller seg derimot kritisk til at vi har fått den taksert hjå det dei ser på som konkurrentar. Dei hentar sjølv inn to nye takstar, i tillegg til å taksere ringen hjå seg sjølv.

bjørklund

Bjørklund forsvarar sin pris på ringen.

Foto: Brynjar Widerøe / NRK

Ringen dei får taksert er riktig nok i kvitt gull som har ein noko høgare gullpris, men dette er også den ringen dei sel mest av.

Dei kjem fram til tre takstar som variera frå 4.950 kroner til 6.000 kroner. Likevel meiner dei å kunne forsvare ein førpris på nesten 7.500 kroner.

– Dette er ein pris der det mellom annan er innbakt designprosessar og andre kostnader, seier Tore Hov, administrerande direktør i Bjørklund.

Brot på marknadsføringslova

På same tid som vi kontaktar Bjørklund, går dei frå «Jubileumssal» til «Julekampanje».

Denne gang har dei sett opp prisen på ringen med 1.000 kroner, men opererer likevel med ein førpris på nesten 7.500 kroner.

– Det er ikkje lov å gå frå eit sal til eit anna sal, når dei da i tillegg set opp prisen på ringen. I tillegg må du dokumentere at du også har selt produkta til den prisen, viss ikkje er det ulovleg marknadsføring, seier Jo Gjedrem, fagdirektør i Forbrukarombodet.

Frå kampanje til kampanje

Jo Gjerdrem i Forbrukarombodet sammen med FBI-programlederen.

Foto: Frode Søreide / NRK

Han understrekar at dei ikkje har behandla denne saka konkret, men uttalar seg på generelt grunnlag.

Bjørklund vedgår at dette er brot på marknadsføringslova og seier at det har skjedd ein feil i den nye katalogen. Ringen er difor no blitt sett ned att til 3.998 kroner.

Dei har derimot lagt fram dokumentasjon på at ringen er seld til fullpris i forkant av første kampanjeperiode.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)