– Boksane er laga av massivtre. Tanken er å lage ei mobil eining som du kan flytte rundt i lokalet etter behov, seier Andreas Hjelle.
Han er ein av fire gründerar som er i ferd med å realisere ein draum i Henningsvær i Lofoten.
Dei to brødrepara frå Bergen var på klatretur i Lofoten for fire år sidan. Alle vart så forelska i staden at dei enda opp med å kjøpe ein nedlagt trevarefabrikk.
No har dei gjort den om til ein kulturell møtestad med utselt festival kvar sommar.
Siste tilskot er altså rullande «hotellrom» i toppetasjen på den gamle fabrikken.
Alternativ overnatting
– Det er eit stort behov for overnatting i Lofoten. Målet har vore å lage eit tilbod som ikkje er for dyrt. Dette er som ein sovesal med litt meir komfort, fortel den unge gründeren.
Inni boksane er det ein liten gang der du kan henge frå deg klede og setje bagasjen. Alle rom varierer i både form og storleik.
Dei minste enkeltromma er på seks kvadratmeter. Familieromma med køyeseng er på 11 kvadratmeter.
Bad og dusj er i fellesarealet.
Inspirert av «Tetris»
– I og med at boksane har ulik form, så er dette litt som eit «tetris-spel», der du kan setje boksane saman, alt etter kva behov du har, seier arkitekt Jørgen Tycho i Oslotre Arkitekter.
Det er dei som har teikna og forma ut boksane. Ideen til prosjektet var det dei to arkitektstudentane, Espen Strandmyr Eide og Silje Ruud, på NTNU som hadde. Sjølve produksjonen skjer i Latvia og så kjem dei tilbake til Norge som ein flatpakke.
– Er det ein vennegjeng kan dei setje boksane saman i ei klynge. Treng vi heile lokalet til ein konsert, så kan vi trille boksane bort i ein krok. På den måten blir lokalet mykje meir fleksibelt enn om vi hadde bygd faste hotellrom, fortel Hjelle.
Kamp om å overnatte
Til no er fem «hotellrom» på plass. I tillegg ei badstue etter same prinsipp. Planen er å bygge minst fem boksar til.
– Vi har sett ei sterk utvikling dei siste ti åra på at denne måten å overnatte på er veldig populær, seier Audun Pettersen, direktør for berekraftig reiseliv i Innovasjon Norge.
Han peiker på spennande arkitektur, kombinert med natur og lokal mat har vore ei suksessoppskrift.
– Dette er ein type turisme som er populær gjennom heile året og ofte er det lokale gründerar som står bak. På den måten blir verdiane også att i lokalsamfunnet, noko som er ei ønska utvikling, seier Pettersen.
– Mottakinga har vore veldig god. Det er som regel kamp om å overnatte i boksane, så vi trur dette kan bli eit populært tilbod over tid, seier Hjelle.