TV-programmet «Solgt» har vore på Mallorca og tippa pris på feriebustader. For dei norske meklarane vart det ei tøff utfordring.
Eit av objekta dei prisvurderte var ein villa på heile 650 kvadratmeter. Den hadde ein terasse på 700 kvadratmeter, eit motstraumsbasseng med fossefall, og ei nydeleg utsikt over både Middelhavet og byen Palma.
Huset ligg i Son Vida, eit av Mallorca sine dyraste strok.
– Eg får frysningar. Dette er jo veldig gøy å sjå, utbryt Dajmi Birkedal og Helga Sverdrup Hvass frå Sørmegleren i Arendal og Grimstad - i det dei blir vist rundt i villaen.
Dei får støtte fra kollegaene Morten Styremoe Hannestad og Stian Baklie frå Nordvik & Partners i Oslo.
– Eg har nok endra oppfatning av Mallorca. Eg trudde det var veldig charterprega, men det er eit stort spekter av eigedomar her, seier Birkedal.
Den dyraste eigedomen
Eigedomen er den dyraste som har vore med i programmet «Solgt». Bustaden vart sist seld i 2014 og ny eigar har pussa den betydeleg opp. No er den lagt ut for sal igjen til en pris på 40 millionar kroner.
Men prisen på 40 millionar klarte ikkje dei norske meklarane å tippe i nærleiken av. Karane frå Nordvik & Partners tippa at salsprisen var 57 millionar kroner. Damene frå Sørlandet verdsett den til heile 62 millionar.
Det ga ein bom på henholdsvis 17 og 22 millionar kroner.
– Det var litt vanskeleg å ta inn over seg med ein gong. Men det var ein fantastisk eigedom som det var veldig vanskeleg å tippe pris på, seier Birkedal og ler.
Prisane på veg opp
Etter fleire år med krise er bustadprisane i Spania på veg opp att. Den dyraste bustaden som vart seld i Spania i 2016 ligg også på Mallorca. Den gjekk for rundt 500 millionar norske kroner.
Mallorca er den største øya i Spania, og har lokka til seg turistar sidan 50-talet.
Sjølv om stadig fleire nordmenn kjøper seg feriehus i utlandet, er dette langt frå den klassiske norske feriebustaden.
I følge den tyske eigedomsmeklaren Christian Michel, sel han berre fire til fem slike eigedomar i året.
– Eg trur det skuldast den politiske krisa og uroa som ein finn i andre land - som til dømes Tyrkia. Folk ønsker å reise til område som er rekna som meir trygge, seier meklar Michel på Mallorca.
Huset i Son Vida er likevel ikkje den største prisbommen i «Solgt».