Hopp til innhold

Slik får du pengane tilbake for periodebilletten

Sit du fast i karantene eller heimekontor utan å få brukt reisekortet du har kjøpt? Du kan få pengane tilbake for dagane du ikkje får nytta det. Men du bør vere kjapp.

Oslo S fredag klokken 19.20. Korona-viruset, Covid-19, har gjort Oslo til en spøkelsesby fredag kveld 13. mars. Vanligvis er gatene fulle av festglade mennesker i 23-tiden, men nå er det stort sett tyst med enkelte unntak. Foto: Eskil Wie Furunes, NRK

FÆRRE NYTTAR KOLLEKTIVTRAFIKKEN: Det var få personar på Oslo S fredagen etter at regjeringa sette i gang drastiske koronatiltak som gjorde at fleire måtte halde seg heime.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Den siste veka er mange plasserte i karantene eller bedne om å jobbe heimanfrå. Gjeld dette deg, kan du be om refusjon for periodebilletten som no blir liggande.

Og jo raskare du gjer det, di meir pengar får du tilbake.

Du sparer meir i dag enn i morgon

Som regel får du igjen pengar for dagane du ikkje får brukt kortet. Har du til dømes kjøpt 30-dagarsbillett hos Vy for 770 kr, deler du prisen på 30 og gongar talet med kor mange dagar som er att frå når du ber om refusjon.

Du sparer altså meir om du ber om refusjon i dag enn om du gjer det i morgon. Dette gjer du på e-post.

– Ein må rekne med litt ventetider på svar no, sidan mange tusen har sendt inn førespurnad om refusjon, seier pressekontakt Nina Schage i Vy.

Ho fortel at dei vurderer refusjonsreglane i denne spesielle situasjonen.

Du må betale 100 kr i gebyr for å få pengane betalt tilbake. Her finn du resten av reglane for refusjon hos Vy.

– Stiller ikkje spørsmål

Skyss driv kollektivtransport i Vestland. Dei tek ikkje gebyr for refusjonar som blir gitt som følge av koronapandemien.

Me stiller ikkje spørsmål. Det er ein svært uvanleg situasjon. Me tek ingen gebyr, opplyser pressekontakt Ingrid Dreyer i Skyss.

Hos dei kostar ein vanleg månadsbillett 800 kr.

– Me refunderer periodebillett/talet på dagar x talet på attverande dagar. Det vil for 30-dagarsbillett bety 27 kr per dag som står att, fortel Dreyer og viser til nettsidene.

Ho forklarer at tida det tek å få pengane kan avhenge av om du har kjøpt billett på Skyss-kort eller i app, og om du vil ha refusjonsbeløpet inn på mobilkonto i appen eller bankkonto.

Bergensbanen på Oslo S, februar 2020

DET GÅR FRAMLEIS TOG: Men når du sjølv ikkje kan ta toget på grunn av koronafaren, kan du få reisepengane tilbake.

Foto: Intisaar Ali / NRK

Smittevern gir ikkje grunnlag for refusjon overalt

I Trøndelag opererer AtB kollektivtrafikken. Dei skriv på sine sider at dei ikkje ser på smittevernomsyn som omfatta av refusjonsordninga.

Dermed gir heimekontor, barnepass eller karantene som gjer at ein må vere heime for å hindre smittespreiing ikkje rett til å få pengar tilbake.

– Me vurderer refusjonsordninga fortløpande, seier pressekontakt i AtB, Tormod Ellingsen.

Han ber kundar følge med på nettsidene.

Vil ikkje pålegge regelendring

Samferdsledepartementet vil ikkje pålegge kollektivselskapa å endre refusjonsreglane. Det fortel statssekretær i departementet, Ingelin Noresjø (Krf).

– Alle i transportsektoren jobbar no hardt for å halde oppe drifta så langt som mogleg, og det er ikkje aktuelt no å instruere fylkeskommunane om korleis dei skal handtere refusjon utover eige regelverk, skriv Noresjø i ein e-post.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)