Hopp til innhold

Dette kan gjere flybilletten dyrare enn naudsynt

Tilleggstenester frå reisesøkemotorar kan gjere billettane til ferien fleire tusen kroner dyrare. – Heilt unødvendig, seier reiseekspert.

Bagasje, bagasjebånd

Som forbrukar har ein uansett krav på å få erstatning om bagasjen forsvinn eller får skade, ifølgje Forbrukarrådet. Illustrasjonsfoto.

Foto: Karina Kaupang Jørgensen / NRK

Skal du bestille flybillettar frå reisesøkemotorar, kan det løne seg å ta tunga rett i munnen.

Då NRK søkte opp flybillettar frå Oslo til Berlin frå den populære reisesøkemotoren Ticket, kom det tilbod om seks tilleggstenester før vi kunne betale for turen.

tilleggstenester, ticket
Foto: skjermbilde / Ticket

– Det er lett å bli lurt til å betale for ting ein ikkje treng. Ein må ofte gjentekne gonger takke nei før ein får gå vidare med bestillinga, seier Odd Roar Lange, som står bak reisenettstaden The Travel Inspector.

Ticket er ikkje aleine om å tilby tilleggstenester som til dømes bagasjeforsikring og SMS-varsel. Det gjeld fleire reisesøkemotorar NRK har testa, til om lag same pris.

Lange meiner at tilleggstilboda er unødvendige å kjøpe før ein reiser på ferie.

– Det er ofte dyre og dårlege alternativ. Ein har eit val om å takke nei – men for dei som er uerfarne og skal kjøpe billettar, er det ikkje like enkelt å vite kva ein må ha og ikkje, seier han.

tilleggstenester ticket

Etter å ha takka ja eller nei til tilleggstenestene, får ein opp endå ei melding før ein får betale for billettane.

Foto: skjermdump / ticket

Har krav på erstatning

Jo Gjedrem, avdelingsdirektør i Forbrukartilsynet, tilrår å tenkje over kva behov og rettigheiter ein har før ein bestiller billettar.

– Ein har nokre grunnleggande rettigheiter som forbrukar. Til dømes erstatning om bagasjen din forsvinn eller får skade på reisa. Ein har òg krav på å få informasjon om forseinkingar eller endringar i bestillinga ein har gjort, seier han.

Om det søkemotoren tilbyr er mindre enn det du alt har krav på, er det ikkje poeng i å kjøpe det, legg han til.

Bergem anbefaler å i tillegg sjekke flyselskapet eller hotellkjeda sine eigne nettsider for å få best pris og vilkår for reisa.

– Ein fordel med å bestille direkte frå heimesidene er at ein kan ta problem som oppstår direkte med flyselskapet eller hotellkjeda, seier Gjedrem.

– Tydeleg kva det inneheld

Ticket seier at det er frivillig å nytte seg av tilboda.

– Det må kryssast av for ja eller nei for å velje tillegga, og det er beskrive tydeleg kva det inneheld, fortel Ellen Wolff Andresen, marknads- og administrasjonssjef i Ticket.

Ho seier at det er opp til kvar enkelt å vurdere kva ein treng og ikkje treng til reisa si, og at tilboda kjem i tillegg til det ein har krav på som forbrukar.

– SMS-varsling om når ein kan sjekke inn og når flyet går, er for mange heilt unødvendig, men nokre vil ha produktet. Nokre vil ikkje ha reiseforsikring og vel difor heller ei bagasjeforsikring til den aktuelle reisa, seier ho.

Les også: Hit bør du reise i 2019

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)