Hopp til innhold

Dette er dei vanlegaste kreftformene

Nye tal for kreft i Noreg vert lagt fram i dag. Her er dei vanlegaste typane kreft for menn og kvinner.

Pasient på sykehus

Brystkreft er kreften som rammar flest norske kvinner, medan prostatakreft er kreftforma flest menn blir ramma av. Illustrasjonsfoto.

Foto: SCANSTOCKPHOTO

I dag presenterer Kreftregisteret ny statistikk for 2017. Dei legg også fram kreftutviklinga frå dei siste fem åra.

Frå 2013 til 2017 fekk 164.491 nordmenn ein kreftdiagnose. Det er 19.938 fleire tilfelle enn det var i perioden 2008 til 2012.

Noko av årsaka til at det er auke i kreftførekomsten, har med å gjere at vi blir fleire eldre.

– Alderdom er den største risikoen for å få kreft, seier Giske Ursin, direktør for Kreftregisteret, til NRK.

1. Brystkreft

Hans Ola Hevrøy
Foto: Hans Ola Hevrøy / NRK

Brystkreft står for 22,3 prosent av kreftdiagnosar hos kvinner dei siste fem åra.

Blant dei over 70 år er det ei lita auke i talet diagnosar.

– Grunnen kan vere at fleire går til privat screening etter at dei går ut av det offentlege mammografiprogrammet, fortel Ursin.

Sidan 2005 har alle kvinner mellom 50 og 69 år fått tilbod om mammografi anna kvart år.

– Det er spekulasjon frå vår side, men det verkar sannsynleg at det er det som er årsaka til at vi oppdagar fleire tilfelle i denne aldersgruppa.

2. Tjukktarmskreft

Norske kvinner ligg i verdstoppen når det kjem til førekomst av tarmkreft. Tjukktarmskreft utgjorde 10,2 prosent av kreftdiagnosane blant kvinner mellom 2013 og 2017.

– Det er ein kreftform som vi er bekymra over, seier direktøren for Kreftregisteret.

– Ein kunne sjå at tarmkreft auka brått i Noreg på slutten av 1970-talet. Så fekk vi eit nytt hopp rundt 1990. Etter det har vi vore øvst på statistikkane.

Halvparten av dei som blir ramma av tarmkreft er over 73 år.

Likevel uroar det forskarane at det over tid har vore ei auke i talet blant dei under 50 år. Auken er større blant yngre kvinner enn yngre menn.

– Vi veit ikkje kvifor det er slik, men vi meiner at risikofaktorane også for dei yngste mellom anna er kroppsvekt og kosthald, fortel Ursin.

3. Kreft i lunge/luftrøyr

9,7 prosent av kreftdiagnosar blant kvinner i siste femårsperiode var knytt til lunge eller luftrøyr. Dette er også ein kreftform der utviklinga har skapt bekymring – heilt til no.

– Det verka ei stund som at det ingen ende skulle ta, fortel Ursin.

I ei årrekkje har førekomst av lungekreft hos menn sokke, medan førekomsten blant kvinner har halde fram med å stige.

Det er på grunn av at kvinner byrja – og slutta – å røyke seinare enn menn.

– Men no ser vi sakte, men sikkert, at det byrjar å flate seg ut og kanskje til og med snu. Det er veldig gledelege nyhende, seier Ursin.

Dette er til trass for at andelen kvinner med lungekreft har stige frå 9 prosent frå 2008 til 2012, til 9,7 dei siste fem åra.

– Det er berre hos kvinner over 70 år at vi ser ei lita auke i lungekreft, seier ho.

Om ein ser all lungekreft samla, går tala opp. Det er fordi at vi blir fleire eldre. Ein kan ifølgje Ursin ikkje vete årsaka til kvifor ein person får kreft, men om ein ser på populasjonar over tid, viser det ein klar samanheng mellom røykehistorikk og førekomst av lungekreft.

– At vi blir fleire eldre kan vi ikkje gjere noko med. Men det er aldri for seint å slutte å røyke, seier krefteksperten.

1. Prostatakreft

Prostatakreft.
Foto: Hans Olav Landsverk / NRK

Andelen av prostatakreft har gått noko ned den siste femårsperioden, frå 29 til 28,4 prosent av alle krefttilfelle blant menn.

– Det trur vi tydar på at det har blitt gjort mindre PSA-testing, fortel Ursin.

Ein PSA-test er ei blodprøve som måler om ein kan ha høg risiko for å ha prostatakreft.

I Noreg har vi ikkje PSA-screening, slik ein har med mammografi.

Ifølgje helsedirektoratet sine nasjonale retningslinjer bør ikkje PSA-testen takast på friske menn, utan at legane har gjeve pasienten grundig informasjon om fordeler og ulemper med å fjerne prostata.

– Mange menn kan risikere at dei får diagnostisert ein type kreft som dei ikkje vil døy av. Samstundes viser store studiar at testen kan redusere risikoen for å døy av prostatakreft, fortel krefteksperten.

– Ulempene med å fjerne prostata kan vere urinlekkasje, avføringsproblem og problem med potens, held ho fram.

Assisterande generalsekretær i Kreftforeininga, Ole Alexander Opdalshei, meiner at PSA-testen ikkje er god nok for eit offentleg screeningprogram.

– Det er stor risiko for å oppdage kreft som ikkje treng behandling. Samstundes kan det vere menn som ønskjer å ta den likevel. Vårt bodskap er at kvar enkelt mann må kunne gjere eit val sjølv, men med eit godt informasjonsgrunnlag, seier han.

2. Kreft i lunge/luftrøyr

9,3 prosent av krefttilfella blant menn ramma lunge og luftrøyr. Det er ein nedgang frå 10 prosent i femårsperioden 2008 til 2012.

– Hos menn har vi sett ein nedgang i lungekreft i nokre år. Det byrja i starten av 2000-talet. Først flata det av, før vi såg ein nedgang, fortel Ursin.

Opdalshei seier at det er viktig å fokusere på dei som blir ramma av lungekreft.

– Det er framleis ein stor diagnose, og relativt sett er det dårlegare prognosar for lungekreft i forhold til andre kreftformer. Difor er det viktig å sørgje for at dei det gjeld får god behandling, seier han.

3. Tjukktarmskreft

Av kreftdiagnosar blant menn står tjukktarmskreft for 7,9 prosent.

– Om ein ser på menn totalt i Norden, så ligg norske menn øvst saman med danskane, seier Ursin.

Blant dei under 50 som blir råka av tarmkreft, er det flest kvinner. Over 50 er det motsett – då er det flest menn som blir ramma.

Ursin har tidlegare kalla krefttypen «oljekreften».

– Tilfella auka hos både kvinner og menn akkurat i det vi fann olje i Noreg. Den andre grunnen er at vi har sett at det har vore fleire på Vestlandet som har hatt denne type kreft enn andre stader i landet, seier ho.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)