Hopp til innhold

– Dette problemet er det flest unge som klagar på

Det er oftast unge leigetakarar i eldre bygningar som søker hjelp for å få bukt med muggsopp, ifølgje dagleg leiar i Mycoteam.

Muggsopp

Muggsopp kan danne seg bak eit lag med tapet. Illustrasjonsfoto.

Illustrasjon: Illustrasjonsfoto / Mycoteam

– Vi ser mange tvistesaker mellom utleigar og leigetakar. Mykje hadde vore løyst med litt betre kommunikasjon, meiner Kolbjørn Mohn Jenssen, dagleg leiar i Mycoteam.

Mycoteam arbeider mellom anna med å førebygge og handtere fuktrelaterte skader i bygg.

– Når vi blir kontakta på grunn av mugg, er det oftast av unge leigetakarar som nett har flytta for seg sjølv. Dei tørkar tøy inne og dusjar ofte. Kanskje har dei skrudd ned temperaturen for å få ei billegare straumrekning. Då får ein lett mugg i leilegheita, fortel han.

Det er no, i overgangen til vinterkulda, at muggsoppen trivst best. Mycoteam får som regel dei første telefonane på nyåret. Då har muggsoppen utvikla seg til å bli eit problem.

Kondens på vindauge

Kondens på vindauge tyder på for høg luftfukt. Illustrasjonsfoto.

Foto: Illustrasjonsfoto / Mycoteam

– Gje leigetakar bruksrettleiing

Utleigar kan ikkje forvente at leigetakar veit kva som må til for å unngå for høg luftfukt, meiner Jenssen.

– Det gjeld særleg i kjellarleilegheiter i eldre bustader, seier han.

– Mitt råd til utleigarar er å sørgje for å gje leigetakar ei bruksrettleiing når dei flytter inn. Der bør det stå kva ein må passe på så det ikkje oppstår fuktproblem og muggsopp. I nokre leilegheiter er det heilt naudsynt.

Ein kan gjere mykje sjølv

– Det er mange som blir veldig redde når ein ser antydning til det i vindaugskarmen eller bak eit skap, seier Ragnhild Løseth, ansvarleg advokat i Leigeboerforeningen.

Dei har opp til fleire saker i veka som dreier seg om fukt og mugg.

Ifølgje Løseth er det ikkje grunn til panikk om ein ser danning av enkelte typar muggsopp.

– Kondesmuggsopp er relativt vanleg. Den kan ein bli kvitt ved å gjere mindre tiltak, og utgjer ikkje nødvendigvis ein mangel ved bustaden, fortel ho.

Om det byrjar å danne seg muggsopp, gjeld det å vaske området godt og halde det tørt.

– Ha i tillegg avstand mellom møblar og veggen, slik at det ikkje hopar seg opp med fukt, seier Løseth.

Muggsopp

Det kan vere lurt å sjekke ytterhjørna i bustaden for kondensmuggsopp. Illustrasjonsfoto.

Foto: Mycoteam

Sørg for å ha dokumentasjon

I visse tilfelle kan ein krevje at utleigar gjer utbetringar. Då skal muggsoppen utgjere ein mangel i leilegheita, som ikkje skuldast at leigetakar ikkje har lufta godt nok.

– Ta mange bilete og ha skriftleg kommunikasjon. Då har ein bevis om det skulle oppstå ein konflikt, seier Løseth.

Utleigebustader har ofte dårlegare standard enn sjølveigde bustader. Det kan igjen føre til at ein lettare får fuktskadar, meiner ho.

– I ytste konsekvens kan ein ha krav på å få avslutte kontrakten. Det gjeld bustader der det er påvist at det er farleg å bu, og ingenting blir gjort av utleigar for å ordne opp, fortel ho.

TV og radio

Tonnevis av møbler kastes hver dag. Kan Trygve Slagsvold Vedum og Christian Strand pusse opp barneskolen til Trygve med møbler NAV har dumpa?
Helene sjekker inn - på asylmottak. Norsk dokumentar.
I fem døgn bor programleder Helene Sandvig sammen med asylsøkere på Dikemark Asylmottak. Det blir et tøft møte med en helt annen virkelighet.
Aida sov et helt døgn og Halvor får ikke sove uten å gjøre et spesielt triks. Hva feiler det dem? Tre butikkansatte med nettbrett utfordrer legelaget i kveldens episode. Programleder: Kjetil Røthing Askeland. Sesong 2 (4:8)