Hopp til innhold

Uro og slagsmål i Elverum

Politiet rykket ut til melding om slagsmål utanfor ein utestad i Elverum sentrum natt til sundag. Mange skulle vere involvert, og fleire stakk då politiet kom. Politiet skriv at det er noko uklart hendingsforløp, men ein person er vist vekk frå sentrum som følge av hendinga. Ein annan er køyrt til legevakt for kontroll etter å ha blitt slått. Politiet opprettar ikkje sak, men skriv partane vurdere det sjølv i ettertid.