Hopp til innhold

Søkjer ved Høgskulen etter sakna mann i Lillehammer

Eit mannskap på rundt 70 personar frå Sivilforsvaret søkjer i morgontimane etter den sakna 22-åringen ved Høgskulen på Lillehammer. Også politiet og fleire frivillige tar del i søket.

Mannen vart sist sett i eit turområde like ved søndag føremiddag.

Den sakna mannen er 180 cm høg, slank og har normal kroppsbygnad. Han har blondt hår og blå augo og snakkar vestlandsdialekt.

Sivilforsvaret søker ved Høgskulen i Innlandet på Lillehammer.
Foto: Arne Sørenes / NRK

Flere saker fra Innlandet