Hopp til innhold

Skjåk Energi AS og Gudbrandsdal Energi-konsernet er i forhandlingar om mogleg fusjon

Skjåk Energi AS og Gudbrandsdal Energi Holding AS er i forhandlingar om ein mogleg fusjon av nett-
og fiberselskapa i dei to konserna. Skjåk Vasskraft AS og Aursjokraft AS er ikkje omfatta av planane.

– Som eit lite energiselskap ser vi framtidige utfordringar med å stå på eigne bein både i høve til
økonomi for eigar, nivå på nettleige for innbyggjarane i Skjåk, kompetanse og sårbarheit, seier styreleiar Hans Sæther i Skjåk Energi AS i ein pressemelding.

Styret i Skjåk Energi AS skal handsame saka og komme med ei tilråding til kommunestyret i Skjåk. Saka skal etter planen avgjerast i møte 20. juni.