Hopp til innhold

Reagerer på bustadmeldinga: – Det trengst sterkare lut

Regjeringa la fram si nye bustadmelding i dag, der dei kom med fleire satsingar for å sikre at fleire får kjøpt sin eigen bustad blant anna. No reagerer blant anna SV og Studentorganisasjonen på den.

Regjeringa vil dei gjere blant anna gi fleire startlån i Husbanken, og seier at spesielt dei på bygdene skal få denne hjelpa.

SV-ordførar Bjørnar Tollan Jordet på Tolga meiner startlån ikkje løyser bustadmangel-problema der.

Kirsti Bergstø som er partileiar i SV seier bustadmarknaden har vore ute av kontroll lenge, og løysingane regjeringa kjem med er ikkje nok.

– Det trengst sterkare lut. Vi trenger bygging av fleire utleigebustadar og vi trenger meir regulering av bustadmarknaden for å sikre at prisane ikkje held fram å vokse ukontrollert, seier ho.

Regjeringa presenterte og nokon tiltak for å sikre eit tryggare leigemarknad og sa dei ville sikre fleire trygge og billige studentbustader.

Oline Sæter, som er leiar i Norsk studentorganisasjon er skuffa og seier dette er for vagt.

– Luftige formuleringar utan konkrete tiltak sørger ikkje for at spaden blir sett i jorda og fleire studentbustader bygget, seier Oline Sæther, leder av Norsk Studentorganisasjon.

Tobias Drevland Lund, som er bustadpolitisk talsperson i Rødt støttar bustadmeldinga og seier startlån til fleire grupper er gode og viktige forslag. Og legg til at ein bør bygge fleire bustader med regulerte prisar for å få kontroll over marknaden og sikre at fleire kan eige.

Kirsti Bergstø
Foto: Amanda Iversen Orlich / NRK