Hopp til innhold

Publikum strøymer til Jotunheimen

Så langt i påska har fleire tusen påsketuristar vore innom ei betjent DNT-hytte.

Og den nyaste turisthytta, Leirvassbu i Jotunheimen, er svært populær.

Så langt har Leirvassbu hatt over 800 påskegjester, noko som gjer ho til den nest mest populære hytta i DNT-systemet. Berre slått av Finsehytta med sine over 900 gjester.

– Vi har 170–180 personar her kvar dag, og det er berre breie påskesmil å sjå når dei kjem inn att om kveldane, seier Terje Sølna på Leirvassbu.