Hopp til innhold

Prøysenfilm på kinotoppen

Julefilmane bygd på Alf Prøysen si verd, går godt. Årets film, Teddybjørnens jul, har solgt 180.000 billettar, berre litt over tre veker etter premiera. Familiefilmen ligg framleis som nummer ein på kinotoppen.
Totalt har juletrilogien som selskapet Fantefilm har laga, passert over ein milionar besøkande totalt. Dei to andre filmane er Snekker Andersen og Julenissen og Den vesle bygda som glømte at det var jul.

Mariann (Marte Klerck-Nilssen) oppdager Teddy på et julemarked i «Teddybjørnens jul».
Foto: Nordisk Film Distribusjon & Fantefilm

Flere saker fra Innlandet