Hopp til innhold

Nye omstridde hytteplanar truar politisk samarbeid

To omstridde hytteplanar på Beitostølen, Liahaugstølen og Aasgarden 3, truar det politiske samarbeidet i Øystre Slidre kommune. Det skriv avisa Valdres.

Torsdag vedtok formannskapet i kommunen å sende dei to omstridde planane for vidare behandling i kommunestyret. Planane er omstridd av fleire årsaker, mellom anna meiner nokon at det ikkje er fortetting av allereie eksisterande hyttefelt.

No varslar varaordførar One Enerud frå SV, saman med Venstre, eit møte med samarbeidspartiet Ap.

Om det ikkje blir endring, kjem Venstre og SV til å trekke seg frå samarbeidet, skriv avisa.