Hopp til innhold

Nasjonalt formidlingsstipend til Bianca Wessel

Kulturminnefondets formidlingsstipend, eit stipend på 50.000 kroner, er tildelt Bianca Wessel.

Styreleiar i kulturminnefondet, Hanne Kristin Jakhelln, seier i ein pressemelding at det har vore spesielt viktig for styret å få fram at positive krefter har stor gjennomslagskraft.

– Gjennom prosjektet «Lys i gamle hus» vert det umoglege mogleg. I tillegg engasjerer ho og inspirerer andre utan å skape konfliktar, grunngjev ho.

I Noreg står over 200.000 bygg tomme. Fortidsminneforeininga meiner at forlatne hus i norske bygder og grender bør setjast i stand og fyllast med nytt liv, og starta difor opp pilotprosjektet «Lys i Gamle Hus».

Bianca Wessel har erfaring frå kommunikasjon og prosjektledelse, og har sidan 2021 vore prosjektleiar for pilotprosjektet.

Ho er engasjert som frivillig i Fortidsminneforeningen, og er styremedlem i Trysil og Engerdal lokallag. Ho er også styreleiar for Hedmarks fylkesavdeling.