Hopp til innhold

Mange såg lysande ring rundt sola

Folk over store delar av Innlandet har i ettermiddag sett ein tydeleg halo – ein lysande ring rundt sola. Slike ringar er mest vanlege å sjå om vinteren når det er kaldt.
Ifølge magasinet Illustrert Vitenskap oppstår ringane når sollyset blir bøygd av iskrystallar høgt oppe i atmosfæren.
Iskrystallane er som regel sekskanta og enten flate eller blyantforma. Og dei oppstår vanlegvis høgt oppe i luftlaga, i såkalla cirrusskyer. Mange har også tatt bilde av haloen i dag og delt det på sosiale medier. Dette bildet er tatt av Trine Sølvsberg og sendt til NRK i dag.

innlandet-bidrag fra Trine Sølvsberg
Foto: Trine Sølvsberg / Trine Sølvsberg