Hopp til innhold

Lønner seg at hyttene blir mykje brukt

Det er usikkert kor mykje kommunane kan tene på fritidsbustadar i framtida. Ein årsak er at helseutgiftene kan komme til å auke fordi fleire eldre vil vere meir på hytta.
Det viser ein rapport som Menon Economics har gjort for Innlandet Fylkeskommune. Rapporten skal hjelpe kommunane til å planlegge i framtida.

Det er varer og tenester som hyttefolket kjøper i lokalmiljøet ved hytta, som betyr mest for verdiskapinga. – Jo oftare hyttene er i bruk, jo høgare blir den lokale verdistiginga, seier prosjektleiar Kari Klynderud Sundfør i Innlandet fylkeskommune.
– Auka bruk og oppgradering av dagens hytter, vil vere positivt, både for lokaløkonomien og klimagassutslepp, legge ho til.

Det er kommunane Trysil, Ringebu, Øyer og Øystre Slidre(bildet) som er med i undersøkinga.

Beitostølen
Foto: Frode Meskau / NRK