Hopp til innhold

Ingen pengar til E16 gjennom Fagernes sentrum: – Svært skuffa

Ordførar i Nord-Aurdal kommune, Knut Arne Fjelltun (Sp), er skuffa over forslaget til ny NTP.

Han ønskte midlar til å få E16 ut av Fagernes sentrum. Det har blitt jobba med i over 50 år.

– Vårt sterkaste argument og største bekymring, er at Fagernes sentrum er delt i to av ein europaveg med ein årsdøgntrafikk på 10 600 køyretøy gjennom regionsenteret vårt. Dette er uhaldbart, seier Fjelltun.

Han meiner Fagernes i dag er eit nasjonalt vegkryss utan moglegheit til å utvikle seg så lenge europavegen går gjennom byen.

Strekninga har tidlegare vore inne i NTP, men vart tatt ut i 2018.

– Nå føler vi oss oversett og vi er svært skuffa over innstillinga frå Samferdselsdepartementet, seier han.

Strekninga ligg derimot inne i Statens vegvesen sin utviklingsportefølje,

Knut Arne Fjelltun, ordfører i Nord-Aurdal ved E16 i Fagernes sentrum
Foto: Stine Bækkelien / NRK

Flere saker fra Innlandet