Hopp til innhold

Færre vitjar kyrkja i påsken

Nye tal frå SSB viser at påskegudstenesta ikkje har stått opp att etter pandemien.

– Deltakinga i gudstenester er på veg opp igjen, men når det gjeld påskegudstenestene er trenden motsett, seier Andreas Østhus i Statistisk sentralbyrå.

I fjor var det 4000 færre som deltok på påskegudstenester i Noreg samanlikna med 2022, og i år er det venta at trenden fortset.

Kyrkjerådsleiar Kristin Gunleiksrud Raaum seier til NRK at påskeforteljinga ikkje blir mindre viktig sjølv om ho blir mindre synleg i samfunnet.

– Det er ei komplisert forteljing med mykje mørke og ein veldig sterk dramaturgi. Den inneheld svik, liding, frykt og glede – og er ei forteljing der livet vinn over døden.