Hopp til innhold

E6 i tunnel forbi Ringebu

I NTP blir det slått fast at arbeidet med E6 Moelv-Øyer skal fortsette som planlagt, med til saman ein kostnad på 16,3 milliardar.

Frå Øyer til Otta ser ein behov for fleire utbetringar. Spesielt forbi Ringebu er det utfordringar med låg fart og dårleg veg. Her blir det jobba med eit nedskalert konsept som inkluderer ny veg og tunnel forbi Ringebu.

– Vi vil i større grad bygge «gode nok» vegar over heile landet, framfor firefelts motorveg nokre få stader. Vi får meir for pengane, og når gjenbruk er mogleg, er det bra både for naturen og klimaet, seier samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Strekninga frå Otta til Dombås blir sett i samanheng med utbetringar av E136 frå Dombås mot Vestnes. Rasutsette parti med smalare veg skal utbetrast til ein kostnad på 4,7 milliardar kroner.

Eg gjennom Gudbrandsdalen
Foto: Knut Opeide

Flere saker fra Innlandet