Brann på Sør-Aurdalsheimen
Ein person ble sendt til legevakt for sjekk, etter at det braut ut brann på kjøkenet på Sør-Aurdalsheimen i Sør-Aurdal i Valdres i 19-tida søndag kveld. Det var meldt om at det var brann i ei skjerefjøl. Den vart sløkt med pulverapparat og det er ikkje behov for å evakuere bebuarar eller tilsette. Det er noko røyk på staden og brannvesenet jobbar med utlufting.