Hopp til innhold

– Uforståeleg å nedprioritere industri og beredskap

Direktør ved Raufoss industripark, Øyvind Hansebråten, er skuffa over forslaget til ny NTP.

Årleg køyrer det rundt 35 000 trailerar inn og ut av industriparken på Raufoss som skal vidare til Alnabruterminalen og Oslo hamn.

Vegen dit, riksveg 4, er ein av dei største hindringane for vekst i arbeidsplassar og eksport i regionen, meiner direktør ved Raufoss Industripark, Øyvind Hansebråten.

Difor er han skuffa over at Riksveg 4 frå Raufoss til Oslo ikkje er prioritert i det nye forslaget til NTP.

– Regjeringa set mykje på spel, både arbeidsplassar og beredskap, når dei nedprioriterer denne vegen, seier han.

Øyvind Hansbråten
Foto: Inger Johanne Solli / NRK

Flere saker fra Innlandet