Hopp til innhold

16 kommunar for pengar til trafikksikring

16 kommunar i Innlandet har fått pengar til trafikksikkerheits-tiltak. Det er Innlandet fylke sitt trafikksikkerheitsutval (FTU) som no gir ut 4,8 millionar kroner. Kommunane har søkt om midlane. FTU-leiar Anders Brabrand seier det skal sikre trafikkmiljø og åtferd på kommunale vegar der det er skuleelevar. Fleire kommunar skal no bygge fortau, gangvegar, busshaldeplassar for å nemne noko. Blant dei som får mest er Tynset, som får 800 000 kroner til fortau. Vestre Toten får 425 000 til tiltak ved Bøverbru skule. Nord-Aurdal får 500 000. Elverum 424 000.