Hopp til innhold

Vogntog stod stille før velt

Vogntoget som velta inne på eit industriområde på Brynali i Voss kommune stod stille då hendinga fann stad, opplyser brannvesenet. – Sjåføren er bevisst, men skadeomfanget er ikkje kjend. Det er uvisst kvifor vogntoget velta, seier vaktkommandør Ronald Drotningsvik ved 110-sentralen. Ifølge politiet er føraren framleis inne i vogntoget, og det er opplyst at vedkommande har smerter i skulder og kutt i hovudet. Det er ikkje meld om lekkasje.