Hopp til innhold

Vil ikkje ha kveite-hjelp

Fiskeridirektoratet vil ikkje at hobbyfiskarar deltek i gjenfiske av dei 50 000 kveitene som rømte frå eit oppdrettsanlegg på Bømlo tysdag. – Profesjonelle fiskarar er leigd inn. Dette er ikkje for hobbyfiskarar, seier Geir Martin Kvamme i direktoratet til Avisa Sunnhordland.