Hopp til innhold

Vest politidistrikt dårlegast ut

Vest politidistrikt har den lågaste bemanninga i landet, viser ei oversikt VG har gjort. Regjeringa har som mål at det skal vera to politifolk per 1000 innbyggar innan 2020. Medan Finnmark og Oslo ligg langt over med 2,9 og 2,47, er Vest politidistrikt lågast bemanna med 1,47. Sør-Vest politidistrikt ligg litt høgare med 1,55. Når ein ser heile landet under eitt, er det nå 1,71 politifolk pr. 1000 innbyggjar.