Hopp til innhold

Varetektsfengsla i fire veker

Ein 21-år gammal mann blei i dag varetektsfengsla i fire veker sikta for å ha knivstukke ein vekter i Bergen natt til onsdag. Det melder Bergens Tidende. 21-åringen erkjenner ikkje straffskyld, og er ifølge politiet tidlegare valdsdømt. Vektaren fekk lettare skadar da han blei stukken i brystet, og skal no vere ute av sjukehuset.