Hopp til innhold

Tre til Haukeland etter kollisjon

Alle dei tre personane som var involvert i kollisjonen ved Dommedal i Sund er frakta til Haukeland sjukehus med ambulanse, opplyser politiet. Skadeomfanget er så langt ikkje kjend. Bilbergar er no på staden, og fv. 198 vil opnast for fri ferdsel om ei stund.