Tre husstandar framleis evakuert
To hus med totalt tre husstandar på Votlo på Osterøy er framleis evakuert etter raset førre veke. Kommunen hadde måndag ettermiddag eit møte med dei evakuerte. – Rådet frå geologane er å opne for tilkomst til dei aktuelle bustadane, men vi rår dei frå å bli buande der. Dei bør difor hente sakene sine og vente på vidare kartlegging av området, seier ordførar Jarle Skeidsvoll.