Hopp til innhold

Trafikkulukke i Kvam i natt

Klokka 02.31 fekk naudetatane melding om ein bil som hadde køyrd i fjellveggen i 80-sona på Vikøyvegen ved Tørvikbygd. Ein mann i 30-åra var aleine i bilen og vart sett til av helsepersonell. Det er ikkje mistanke om ruspåverka køyring, men mannen har fått førarkortet beslaglagt.