Hopp til innhold

Trafikkulukke i Kolltveittunnelen

To bilar er involverte i ei trafikkulukke i Kolltveittunnelen på riksveg 555. Tunnelen er stengd, og naudetatane er på staden. Det er ikkje meld om alvorlege personskadar. – Det var totalt fire personar involverte, og dei ser ut til å vere uskadd, dei vil få tilsyn av ambulanse på staden, fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Bilbergar er på veg, og det vil truleg ta tid før tunnelen opnar att.

Laster Twitter-innhold