Hopp til innhold

Sykla på katt – hamna på legevakta

Ein mannleg syklist er send til legevakt etter at han sykla på ein katt i Kalfarveien i Bergen. – Det er ikkje snakk om alvorlege skadar, fortel operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt. Det er uvisst korleis det går med katten, men politiet leitar i området.