Hopp til innhold

Stenger veg i Sædalen

Vegtrafikksentralen har stengd fylkesveg 180 i Sædalen. Det er no vatn i begge køyreløp ved «Andedammen», seier trafikkoperatør Tore Tysse. Ved Kaland på E39 er det framleis manuell dirigering, men her er køane i ferd med å minka. – Det er desse to stadane det er problem. Elles er det tette løp og småting me har tatt oss av, seier Tysse. Vegtrafikksentralen har beredskap utover kvelden og natta.