Hopp til innhold

Spøker for ny nedbørsrekord

Sjølv om vêrprognosene har endra seg, og det er meld regn nyttårsaftan, spøker det for nedbørsrekorden i Bergen. – Nedbørdøgeret stoppar klokka sju søndag morgon, og dermed ser det ikkje bra ut for rekorden. Det manglar rundt ti millimeter nedbør, noko som kan bli vanskeleg å få til. Det er på hengande håret, men mest sannsynleg vert det ikkje ny rekord, seier vakthavande meteorolog Rafael Escobar Løvdahl. Den forrige rekorden er frå 2015, då det kom totalt 3069,2 millimeter nedbør.