Hopp til innhold

Sjark på land i Hardanger

I Ullensvang undersøker politi og brannvesen ein sjark som har gått på grunn ved Børve. Båten har truleg hatt låg fart fordi det ikkje er synlege skader på den. Politiet er i kontakt med tre personar om bord for å finne ut kva som har skjedd.