Rykka ut til ulovleg demonstrasjon
Store politistyrkar måtte rykke ut til Torgallmenningen i Bergen laurdag ettermiddag. Der har det vore demonstrasjon mot den tyrkiske militæraksjonen i Syria. Politiet melder om amper stemning og seier demonstrasjonen er ulovleg.