Hopp til innhold

Rykka ut til melding om ras

Naudetatane rykka ut til Rosendal seint i går kveld, etter melding om kraftig buldring i fjellsida kring Malmangernuten. Mørket gjorde det vanskeleg å konstatere om det faktisk hadde gått ras, og naudetatane fann ingen teikn til skader på hus, eigedom eller personar.