Sartor senter evakuert
Naudetatane har rykka ut etter meldingar om røykutvikling i det gamle garasjeanlegget på Sartor senter på Sotra. – Senteret er evakuert, og dei har førebels ikkje funne nokon brann, men det er svilukt på staden, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Frode Kolltveit.