Hopp til innhold

Reduserer talet på kollektivsoner

Samtlege parti i fylkestinget går inn for å redusera talet på kollektivsoner i Hordaland frå 430 til 7. Det inneber at fleire kan reisa lengre med minstetakst på 37 kroner og betala med mobilbillett. Vedtaket er ein del av fylkesbudsjettet for 2018.