Hopp til innhold

Politiet: – Færre oppdrag enn venta

Vest politidistrikt er godt bemanna for å handtera den «atmosfæriske elva» som meteorologane har varsla om, men operasjonsleiar Per Algrøy seier det har vore færre oppdrag enn venta. – Det har vore mykje nedbør, men ikkje noko som har skapt ulukker eller alvorlege hendingar. Me hadde nok heilt klart venta fleire oppdrag, seier Algrøy tysdag kveld.