Hopp til innhold

Mor til fornærma (16) fekk vitna

Under fengslingsmøte tysdag dukka mor til den fornærma 16-åringen opp på gangen. Forsvararen til den mistenkte hovudmannen (50) ynskte at mora skulle vitna for å belysa kva jenta eigentleg gjer i Bergen. Kvinna kom til Noreg nyleg, og er enno ikkje avhøyrt av politiet. Ho har status som mistenkt. Dommaren godtok at mora kunne svara på nokre få spørsmål. – Mora er eit sentralt vitne og det er heilt avgjerande for utfallet av fengslingsmøtet at hennar historie kjem fram. Men det er heilt unntaksvis at eit vitne stiller i eit fengslingsmøte på denne måten, seier forsvarar Mads Berven.