Hopp til innhold

Mista livet før kollisjonen

23-åringen som i november i fjor omkom i Stussvikhovdatunnelen i Kvinnherad, døydde av medisinske årsaker. Obduksjonsrapporten stadfestar at mannen mista livet før bilen trefte tunnelveggen i låg fart, opplyser Lorentz Lunde, lensmann i Fusa og Tysnes.