Hopp til innhold

Mann truga utestad med brannbombe

Ein mann (30) er pågripen av politiet og sett i arresten etter at han truga med å kasta ei brannbombe inn på ein uteplass i Bergen sentrum. Dei tilsette på utestaden fekk teke frå han det han ville tenna på, og mannen forlèt staden. Like etterpå vart han pågripen av politiet. Dei avhøyrer no folk som var vitne til hendinga. Mannen er ein kjenning av politiet.