Hopp til innhold

Mange kan miste TV 2

Ein million sjåarar kan miste TV 2-kanalane natt til 1. januar dersom TV 2 ikkje vert einige med distributøren RiksTV om ein ny avtale. Striden handlar om at TV 2 ønsker meir betalt frå RiksTV fordi distributøren har auka prisen på pakketenesta dei tilbyr kundane, og ifølge Kampanje er det framleis så stor avstand mellom TV-konsernet og TV-distributøren at dei står på randa av ei konflikt. Avtalen går ut ved årsskiftet.