Hopp til innhold

Lange køar på E39

Det er framleis lange køar på E39 ved Kaland på grunn av store mengder vatn i vegbana. Vegvesenet driv framleis manuell dirigering for å losa bilane forbi. – Det er der det er verst akkurat no, seier trafikkoperatør Tore Tysse ved Vegtrafikksentralen til BA. I tillegg skapar vassmengdene trøbbel i Sædalen.