Hopp til innhold

Kontroll på røykutvikling

Ei varm arbeidslampe var årsaka til at det oppstod røykutvikling frå kjøkkenet i eit hus i Skeismyra i Os. – Det er uvisst om lampen tok fyr, men huset vart i alle fall fylt med røyk. Ein av bebuarane kasta heile lampen ut, og vedkommande vert tilsett av helsepersonell. Brannvesenet har no kontroll på staden, og røyken vert lufta ut, seier operasjonsleiar Bjarte Rebnord i Vest politidistrikt. Seks personar er registrert på adressa, og alle som var heime kom seg raskt ut.