Hopp til innhold

Kallar inn VM-arrangør til møte

Kulturdepartementet har kalla arrangøren av sykkel-VM inn til eit møte om den økonomiske situasjonen. I 2016 vart Bergen 2017 AS tildelt 22,5 millionar kroner i tilskot frå departementet, men selskapet har framleis ikkje levert rapport og rekneskap, sjølv om fristen gjekk ut 1. desember. – Fristen er no utsett til 15. januar. Møtet tysdag er også for å få meir informasjon om den økonomiske statusen, seier seniorrådgivar Kjartan Pedersen Gurholt i Kulturdepartementet. Styreleiar i Bergen 2017, Mona Hellesnes, seier at rapporten er forsinka fordi selskapet har hatt ein utfordrande haust, men at den skal vere klar innan den nye fristen.

Mona Hellesnes, styreleiar Bergen 2017
Foto: Even Norheim Johansen / NRK