Hopp til innhold

Innbrot i elleve bilar

Bilfirmaet Ecocar har hatt innbrot i elleve bilar som stod parkert utanfor butikken på Kokstad i Bergen. Politiet fekk i føremiddag melding om at vindauge i bilane var knust og er på staden for å gjere undersøkingar. Det er ikkje klart om noko er tatt frå bilane.