Hopp til innhold

Ingen skadd i båtbrann

Det er framleis uvisst kvifor det begynte å brenne i to båtar på Askøy søndag ettermiddag. Brannen oppstod i ein trebåt, og spreidde seg til ein annan. – Båtane låg i Slåttevika på Fromreide, og vart transportert ut i Lisstraumen for sløkking. Det var ingen personar om bord. Vi har vore på staden og det er ikkje fare for lekkasje i båtane, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen ved Vest politidistrikt.